Paracas aka badeferie

Siste veka av studieturen sto omsider for tur, med ei skikkelig badeveke i Paracas! For å komme oss frå Cusco til Paracas, tok vi buss med Cruz del Sur i 18 nydelige lange timar. Heldigvis var noko av turen på nattestid, og for dei av oss som var heldige å få sove, gjekk turen ganske fort. Mange tok både prostafen, zyrtec og andre peruanske drogos for å sovne – om enn med ulikt resultat.

Før vi kom til Paracas hadde vi eit pitstop i Ica, der vi reiste ut til oasen Huacachina for å kjøre ørkenbuggies og surfe på sanddynene. Kjøreturen var like heftig som en berg og dalbane, med mange hyl og masse latter!

1 av 2 buggies på tur

Dei fleste nøyde seg med å ligge eller sitte på sandbrettet, noko som resulterte i mykje sand i monitoren. Tilbake i Ica førte dette til ein heftig kattevask på toalettet på busstasjonen.

Neste etappe var ein times busstur til Paracas, der vi fekk sjekke inn på Hostell Los Angeles. Dette hadde nesten Thailand (les: FIT) standard, med eit “enormt” badebasseng som gjengen blei overlykkelige av 😉

Etter ein forfriskande dukkert gjekk første pulje i gang med kiteopplæring på land. På programmet sto kontrollering av kiten, og kjenne på kreftene til vinden. Denne vinden opphørte dessverre dei neste dagane, så vi måtte stå på wakeboard istaden. Etter ein dag med tørrtrening og to dagar på wakeboard var vi endelig klare for å sette kiten på vatnet! Vinden var framleis laber, men ved bruk av litt ekstra store kiter kom vi oss så vidt opp. Nokre greidde å få såpass god kontroll på kiten at dei klarte å stå eit stykke fram og tilbake.

Sjølv om hovudaktiviteten var kiting, har vi også gjort mykje anna spennande! Vi tok mellom anna båten ut til Islas Ballestas for å sjå på det rike dyrelivet der ute. Vi såg sjøløver, pelikaner, pingvina, “inkafugl” og masse fuglebæsj.

#Dior

Nokre av dei modigaste og tøffaste sjelene reiste også på paragliding! Turen gjekk til eit fjell i ørkenen, og det viste seg at bilturen dit var skumlare enn sjølve flyturen. Når vi tok av motorvegen gjekk vegen vidare inn i nasjonalparken. Denne vegen var nok ikkje tiltenkt høg fart, men det stoppa ikkje sjåføren i å holde ein snittfart på 100 km/t. I det vi satt utfor kanten, var beskjeden klar: “Run!”

I tillegg har vi sjølvsagt bada mykje og drukke enorme mengder smoothie. Vi er sjølverklærte stamgjester på Fruzion og den siste veka klarte dermed dei fleste å legge på seg igjen dei kg som blei mista dei to første vekene. Store menger digg mat har blitt konsumert på dei lokale restaurantane.

Større milkshake skal du leite lenge etter, nomnomnom

Gjennom oppholdet var vi heldige å få nokre få daga med sol! Dei dagane vi ikkje måtte dekke oss til på grunn av mygg klarte mange å bli solbrent og få morsomme skiller, enjoy!

Dette var siste nytt frå peruanerane for denne gang, over og ut!

Ørkenhelsing frå Kristine og Gunn Elise <333333