Veke 44 – Halloween og eskimorulle

Heia!! Denne veka har vore særs spanande med halloween og to nye dagar i Sunnmørsbadet.

Vi vil starte med å forklare reglane på den berykta drepeleiken som rulla og gjekk heile veka. Frå og med laurdag forrige veke har det vore krigsstemning på skulen, då alle mottok kvart sitt offer og kvar sin mordar. For å unngå å bli drept måtte ein dra med seg ein god ven kvar enn ein gjekk. Gjekk du aleine, risikerte du å bli myrda!

Derfor var det bra at vi tilbragte to heile dagar i tryggleik i Sunnmørsbadet denne veka også! Etter kvart som fleire og fleire fekk til eskimorulla, datt konsentrasjonsnivået kraftig. Dette resulterte i mange stup og mageplask frå både 1-, 3- og 5-meteren.

Torsdagen gjekk med til undervisning i peruansk historie, så no er vi alle veldig kultiverte og klare for eit kvart spørsmål om landet!

Etter valfag på fredag blei veka avslutta med seminar og halloweenfeiring på laurdagen. Master An hadde ansvar for seminaret og viste sine dugleikar innan ulike kungfu-greiner. På kvelden stelte elevrådet i stand halloweenfeiring, med blodig middag, rebusløp og skremmande spøkelseshus. Elevane stilte i nydelige og makabre kostymer.

Sjekk ut dei fine nissane i bakgrunnen

På søndagen skinte sola og nokre peruanarar fann ut at dei måtte utnytte finværet og den nyfalne snøen i høgfjellet. Dermed var det duka for årets første aketur!!!!

Takk for oss!!