Veke 43: Kung Fu og Eskimorulle

Heia bloggen<3

Denne gongen var det eg, Andrea, som fekk i utfordring å skrive nynorsk. Det var Oline streng på. Kos dykk med mine (mest Oline sine) nynorskferdigheiter!

Denne veka starta vi med husvask og skrubbing av kajakkane, for vi skulle ta turen til Sunnmørsbadet og øve på eskimorulle. No skin det i alle krikar og krokar. Etter grundig gnukking heile dagen var det Kung Fu med Master An på kvelden. Master An er en Kung Fu master som har kome heile vegen frå Kina for å undervise oss i nokre veker. Då er det berre å passe seg for peruanarane!

Tysdag og onsdags morgon var det kanskje litt i tidlegaste laget for nokre av oss, inkludert meg, men vi kom oss av garde til riktig tid. Det var nokre trøtte tryner som møtte opp i Fosnavåg. Heldigvis køyrde våre kjære assistentar som nokre gudar! Med hengar til og med. Hugleik<3. Etter ein noko traurig og knotete start, var det overraskande mange som fekk til rulla fyste dagen, noko som var veldig kjekt. Onsdagen gjekk og med til å øve på rulla, med ulike variasjonar. Litt leik og hopping måtte også til då vi blei frykteleg sletne og lei etter kvart.

På torsdag fekk vi endeleg ein gjennomgang av Peruturen. Der nokre tok noteringsjobben meir seriøst enn andre. Kremt ***Mathilde***Gunn Elise***. Vi ser frem til ein spennande og innhaldsrik tur om ikkje so altfor lenge. På kvelden hadde vi og nokre frå Kinaklassa ansvar for Klubben. Då var det Halloweentema og vi fekk pynte matsalen som vi ville. Det vart duka opp med både pizza og kake. Stemninga var god og nokre koste seg spesielt mykje på dansinga. Kremt***Kristine***.

Fredag var det som vanleg valfag med mat på bål, boksing, strikking og knutekunst på programmet. På kveldstid hadde vi økt nummer to med Master An i Kung Fu.

Laurdag var det vår kjære Eirik som sto for laurdagsseminaret. Han tok oss med til Sandhornet. Vi hadde været på vår side noko som gjorde det til ein særs fin tur! Sjølv med litt knall og fall på tilbaketuren. Kremt***Nora B***Kristine***.

På kvelden hadde Peru kosekveld der vi serverte nydeleg middag med brownies og is til dessert. Deretter forflytta vi oss ut i skogen for utekino. Litt dårleg oppmøte, kremt***FIT***Kina***, men vi koste oss masse med Mamma Mia og i alle fall 40 liter varm solbærtoddy.

Utan om dette har drepeleiken gått kjempedårleg for oss begge to, då vi begge vart drepne relativt fort. Vi får skulde på dårleg taktikk. Creds til Tuva og Gunn Elise for super innsats på denne fronten.

Det har vore ei sletsom, men morosam veke. Satsar på at denne veka kjem til å bli like braJ

Pis and løv – vi snakkast, Oline og Andrea<333