Veke 40. Strandabøen

Heisan kjære bloggen!

beklager det alt for seine innlegget, men det er betre seint enn alldrig, og som trøyst skriv vi dette innlegget på NYNORSK.

Eg heiter Tuva Aurora, og skriv blogg for veke 40 saman med Fantastiske Jonathan! Denne veka var vi på tur til Strandabøen på andre sida av Hjørundfjorden. I følge Eirik er dette den mest øde plassen i heile Sunnmøre, sjølv om det var 4G i teltet.

Mandag fekk vi ein trist beskjed, om at ein av dei tre musketerane våre (Robbin) hadde forlatt oss for å fortsette sitt eventyr i Kinaklassen. RIP:(

Tirsdag pakka vi sekkene og blei køyrd med minibuss ut til Ytre-Standal, her vart vi skippa over til den “øde plassen” med kayakane på slep. Så var det berre å sette opp svensketelt og fikse mat, før første natta i naust og telt.

Onsdag var det kayakopplæring med kantring og full pakke, i tillegg til fisking og andre gøyale aktivitetar på land. Konkurranseinstinktet kom fram da asistentane køyrde i gang meisternes meister, og her fekk vi testa både sageferdigheiter, armstyrke og 90grader.

Torsdag starta med tidleg vekking kl. 06.00, og det var tid for å pakke saman og komme seg over fjorden og heim at. regn og bølger bestemte seg for å teste oss litt når vi skulle padle kayakene over fjorden, men det skal nok meir til for å stoppe oss. Så var det haustferie, og bilar, bussar og fly reiste av garde frå Ørsta fulle av Møre-elevar.