Veke 36 – Hoddevika og tur i nærområdet

Heisann! Denna veka har klassens to einaste nynorskbrukarar og -entusiastar hatt ansvaret for bloggen. Dette blir truleg den einaste veka med nynorsk språkbruk på ei stund, så les og nyt!

“Det var solnedgang, det var latter, det var sang”

Veka starta med en heftig tur til Stad og Hoddevika der vi skulle tilbringe tre dagar i (sitat Lyder): «Det dritvarme vannet!». Mandags morgon var alle peruanarane klare for ein “liten busstur” saman med balinesarane. Vel framme på campingen i Hoddevika var tida inne for å sette opp lavvoane og svensketelta, om enn med noko varierande resultat.

Hengte tørketeltet til tørk på Robin

Etter teltoppsetting (og reoppsetting) var det endeleg tid for ei heidundrane surfeøkt. Sjølv med mange skeptiske elevar, både til badetemperaturar og dei store bølgene, var stemninga på topp før første økt. Etter grundig opplæring i korleis gjennomføre ein korrekt pop-up kom vi oss endeleg ut i vatnet og fekk testa dugleikane våre. Medan dei fleste var nøgde med å berre flyte nær land, var andre raskt oppe å stå på brettet og utfordre bølgene.

Gjengen er klar

Tidleg tysdag morgon var det ei ny obligatorisk økt i bølgene. Ettermiddagen budde derimot på fleire høve for surfing i tillegg til avslapping og fjelltur til Mosekleivhornet. På kvelden åt vi digg Mexicansk gryte ala peruklassen med deilig grilla smores til dessert (takk til innkjøpssjefane for det). Før middag hadde Loftesnesen ei innføring i pinneslang og viktigheita med rette kutt. Medan denne gjennomgangen blei gitt, kom ein kriminell gjeng att med stolne grillspyd som var rivne rett at treet i ein hage (ups). Dei hadde til og med fått tid til ein liten fotoseanse på åstaden.

Blid / kriminell gjeng på pinneslang

På onsdag var det heimreise og siste høve for surfing i Hoddevika. Sjølv om det var ei treningsøkt i seg sjølv å kome seg ut og inn av våtdraktene, gjorde dei ivregaste surferane det heile fire gonger (!). I løpet av den siste økta var det tydeleg at mange hadde meistra bølgene og pop-up-teknikken, då fleire ein nokon gong greidde å stå oppreist på surfebrettet. Etter å ha slått ned telta takka vi Baliklassa for ein nydeleg tur og retta nasa heimover mot Ørsta.

Sjukt deilig med bålkos etter lange økter i havgapet

Vel heime var vi klar for nok ei utflukt, då planen var å reise på lavvotur i nærområdet allereie frå torsdag til fredag. Etter at alle hadde stressa rævva av seg for å tørke klede og pakke ferdig, blei turen avlyst torsdag morgon pga regn og ein redusert og snufsande gjeng. Dermed blei ein tur i nærområdet omgjort til pakkekurs, kajakkundervisning og bålpannekos i røykekroken på skulen.

Dagen etterpå blei også ein svært roleg dag då den etterlengta plan B-fjellturen også blei avlyst pga regn og ein redusert og snufsande gjeng.

På lørdagen blei det endeleg opplett igjen og konkurransen “Ørsta rundt” gjekk av stabelen. Ørsta setrum blei invadert av folkehøgskuleelevar på leit etter nokon å bytte fyrstikker med, og dei beste kom tilbake med ein Playstation 2 inkludert singstar og to spel.

Ei anna oppgåve i “Ørsta rundt” var å lage moderne kunst utanfor Ørstahallen

I dag er det søndag og vi våkna til strålande sol. Etter tre daffe dagar var mange av elevane i Peruklassa derfor klare for å bevege seg opp i høgda igjen. Vi var ein god gjeng som gjekk opp på Kyrkjetinden for å nyte utsikta over vår vakre nye heimplass <3. Imorgon er det ny veke og igjen klart for ein ny telttur (med mindre Eirik avlyser pga regn og ein redusert og snufsande gjeng). Svar på det mysteriet får dykk vite neste søndag 🙂

Vekas sitat: Sjuk men GIRA!

Oline og Gunn Elise over and out!