Uke 46, en uke helt som planlagt

God kveld!

Etter ei avslappande frihelg der nokre tok turen til Ålesund og andre reiste heim til mor og far var vi no klare for ei ny veke her på vakre sunnmøre. Vi starta veka tirsdag etter lunsj med klatring og skredlære. Fleire i klassa fekk topptaukort og kan no reise å klatre i Volda på eigenhand, noko som er svært farleg. Andre klarte det ikkje og må øve meir. Vi fekk utlevert skredutstyr og  opplæring i dette. Bjørnar var også innom ein snartur og bidrog med fagleg tyngde og tullprat, vi lærte mellom anna  at det er tryggast på topptur utan hjelm. Etter middag hadde vi ei kort økt med introduksjon til spansk, som vi skal lære meir av framover.

Onsdag var det tid for tredje og siste gongen i bassenget og etter beinhard innsats klarte to til eskimorulle, og hausta stor applaus for dette. Etter lunsj ville dei fleste ha stupetrening og vi starta med teknikktrening frå bassengkanten. Dette var skummelt for enkelte, men for Leo var teknikken i fokus, og ved å følgje instruksjonane til Eirik etter punkt og prikke presterte han å lande på bassengkanten gong etter gong. Etterkvart auka vi vanskegraden og frå 1m sviktbrett vart det både fine backflips, mageplask, ryggsmell og spektakulære stup, noko som var god underhaldning for dei som såg på. Dei råaste stupte også frå 3m, men Casper kjørte eit realt mageplask. Etter ei lita pustepause og analyse av kva som gjekk gale var han klar for andre forsøk. Denne gongen gjekk det bedre, eit flott stup til 3*19 i stilkarakter.

Torsdag hadde vi litt førebuing til studieturen vi skal på etter jul, vi hadde høgtlesing på rundgang med marshmallows i munnen, noe som verkeleg auka læringsutbyttet. Vi lærte litt om Macchu Picchu, regnskogen og livet generelt. Historien om Machu Picchu viste seg å vere interessant, dette var ein plass for rikfolk, der dei hadde møter og tok livet med ro. Inkaene var spesialister på muring og sjølv utan bruk av mørtel tålar desse murane jordskjelv. Kildekritikk er viktig, da informasjonskildene om Peru ikkje alltid er til å stole på. Dei fleste var relativt trøytte i denne timen så det er mogleg at vi har utelatt ein del her, men kveldskos blir ofte prioritert framfor læringsutbytte tidlig om morgonen her på skulen.

Fredag hadde vi valfag for siste gong denne perioda. Vi på massasje avslutta ei lærerik periode med deilig leggmassasje for glattbarberte jenter og eit helvete for hårete gutter, der enkelte slit enda med såre legger. Mat på bål ville avslutte på ordentlig vis og sette seg 10 m frå skulen i minibussparkeringa på grunn av 4,5 regndråpar på morgonkvisten.

Vi ser no fram til å tilbringe dei neste fire dagane på ein ny veglaus gard, Ytste Skotet. Her skal vi leve litt som i gamle dagar og kose oss.

XOXO
Ingeborg og Knut

Kvifor vaske rom når du kan dra på tur?

Nå har vi også fått vårt første kjærestepar i klassen

Leo har enno ikkje innsett at leggane vil verke i  vekesvis etter hard behandling

Sjakk og strikking i Peisestua