Inka trekking

“Smerte er en illusjon. En illusjon er en drøm. Og en drøm er deilig”  (Mykje brukt sitat av lærer Eirik).

Etter nokre aklimatiserngsdagar  for høgda i Cusco var vi igjen klar for eit eventyr!

Vi starta mandag 12. jan kl 6, tidlig som vanlig. Alt var pakka og klart frå dagen før, og etter at dei siste minutta med Wi-Fi var godtutnytta, bar vi sekkane til bussen og reiste avsted. Fyrste stop var i byen Ollantaytambo kor vi (sammen med månge andre inkatrekkere) kunne handle snacks, vatn og diverse Inka Walking Sticks, caps osv. bussturen vidare til km 82 var bra spennande ettersom vegen var ein smal grusveg med ein del møtande trafikk, eit par gongar var de berre eit par cm klaring til møtande kjøyretøy, vi kom til slutt trygt fram til punktet kor sjølve Camino el Inka (inka trail/trekking) starta.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Oppe f.v: Malene, Erik, Jesper, Vebjørn, Magnus B.J, Ida Nede f.v: Ingrid, Amalie, Susanne, Agnete, Anna, Sofie, Trygve, Simen, André, Magnus B, Leif, guide Abel

 

Her såg vi for fyrste gong heile mannskapet som skulle følge med oss på vegen. Guider og bærere(porters) som ifølge hovudguiden Miguel skulle bli vår familie. Porters er peruanske menn, ofte er dei bønder som vil tjene litt ekstra pengar, kvar porter bærer opp mot 25kg.

Porter / sherpa
Porter / sherpa

 

Vi fikk vegd sekkane våre før vi starta og konstanterte at vi hadde med 14-22 kg pr. mann, som var langt over den anbefalte vekta. Til vårt forsvar skal det og seiast at vi måtte have både sovepose, liggeunderlag, varme klede, snacks og 2,5 liter vatn. Ja og bøker og medbragt kakaopulver og andre uunnværlige ting sjølvsagt. Og alt skulle bærast opp og ned dei kommande 42 km. Men fyrst måtte alle igjennom fyrste checkpoint kor vi fikk turens fyrste stempel i passet. Disse stempelstasjonene er frivillige og kun for show og køndannelsens skyld.

Stempelstasjon
Stempelstasjon
Første sjekkpunkt, med vår guide Miguel.
Første sjekkpunkt, med vår guide Miguel.

Fyrste dag var kjent som oppvarmningsdagen, og vi gikk i rolig tempo på flate stier. Underveis tok vi månge pausar ved gamle landsbyer og høyrte guidene fortelle om dei forskjellige Inka kulturane og korleis dei levde.

Inka terasser.
Inka terasser.

Vi fikk og en imponerande og meget velsmakende 3-retters lunsj tilbredt av kokketeamet (under veldig primitive forhold). Dagens siste etappe begynte stien å bli veldig bratt og vi fikk en smakebit på neste dags prøvelse.

Caminos.
Caminos.

Når vi nådde campen blei vi friluftsmennesker svært overraska (og glade) da de så at Brekketind, Slogen og Saudehornet o.s.v(telta våre) allereie stod oppslått og venta på oss. Det var selvfølgelig våre kjære bærere som og her utførte uovertruffen service. Og så var det tid for Teatime/Happyhour kor kaffe/te/kakao, kjeks og popcorn ble servert. Deretter middag – vi svelt ikkje på inkatrekkinga.

20150112_175140
Komt fram til camp nr.1, godt fornøgd med turen og oppslåtte telt

Etter ei god nats søvn, omelett, coca te og fruktsalat til frokost var alle klare til dag 2, som vi viste ville bli den tyngste dagen på turen, vi skulle opp 1100 høgdemeter. Det skal seiast at coca blad et eit veldig svakt stimulerande, som blir reklamert som noko som gjer energi og forhinderer høgdesjuke, kan mest sammenlignast som ein kopp kaffi med te smak. Dei fyrste timane gjekk vi berre opp og opp og opp. Og vi blei meir og meir sletne i svært så tynne lufta. Vi tok ein pause ved eit lite plateau , der blei vi gledelig informert om at vi kun hadde 600 høgdemeter igjen. Vi kunne og kjøpe brus, godteri og kjeks der, på 3600 m.o.h! Der var til og med do, av typen hull i bakken.

Pust i bakken
Pust i bakken
20150113_100325
Fin utsikt alle veiar

Men vidare måtte vi, og heldigvis lykkes alle i å kjempe seg helt til toppen, heilt opp til 4203 m.o.h., tross både høgdesjuke og diare. Etter en liten pause på toppen til å puste ut, (det skal seiast at det teke litt lenger tid å få tilbake pusten der oppe), og etter eit par gruppebilder, gikk turen videre.

Utsikt til 6000metere.
Utsikt til 6000metere.

Denne gongen nedover eit långt stykke til neste camp, og fleire merka det særlig i leggmusklene når vi gjekk ned.

Trapper
Trapper

Ved lunsjtid nådde vi fram til leiren og koste med nokk eit imponerande måltid. Rutina med teatime, middag og tidlig i seng gjenntok seg.

Teltcamp
Teltcamp
Ida, Agnete, Sofie og Susanne slappa av det fine været.
Ida, Agnete, Sofie og Susanne slappa av det fine været.

Tredje dag skulle vise seg å bli en skikkelig fin etappe med passelig opp og nedstigning i fantastisk natur.

DSC_0010

 

 

 

 

 

20150113_092312Igjen nådde vi frem til campen før lunsj – denne gongen knapt so sletne som dagen før. For gutane hadde nokk energi til overs for fleire omgangar fotball mot bærerane. På tross av god støtte frå sidelinja kunne dei store norske vikingar dessverre ikkje helt hamle opp med de små, taktiske peruanere. Dekket av sand måtte vikingane trekke seg tilbake og slikke sårene (bokstavelig talt rense eit par skrubbsår)
Til kveldsmat fikk vi ei avskjedsgåve frå mannskapet i form av ei kake, den blei tatt imot med stor glede, og med eit lite stille spørsmål om det var for å få meir tips.

Utsikt ned på fotballbana, som egentlig var berre eit lite rydda område
Utsikt ned på fotballbana, som egentlig var berre eit lite rydda område

Dag 4 var målet Machu Picchu, vi sto opp halv 3 for å ha nokk tid til å beundre byen før lasset av late turistar med buss kom fram og blokkerte utsikta. Frukosten måtte vi ha haudelykt for å finne fram til. Vi starta å gå i 3 tida i stummande mørket, og fikk høyre skogen vakne til liv etter kvart som vi gjekk. Vi fikk stempel nr. 4 i passet på vei nedover. Etter all informasjon vi fikk skulle det være slakt nedover heilt til Machu Picchu, men det var ikkje heilt sånn. I halv 7 tida kom vi fram til Sun Gate, som er eit utsiktspunkt ned til Machu Picchu. Har du sett eit utsiktsbilde over Machu Picchu so er sjangsen stor at det er tatt derifrå.

Tåke
Tåke

Uheldigvis so var de tåke når vi kom til Sun Gate, men det skal seiast at vi hadde det mest nydlige været vi kunne fått, omtrent kun sol og vakkert vær gjennom heile turen. Det regna litt ei natt, men då låg vi godt nedi ein sovepose inni eit telt.

No var vi snart framme med Manchu Picchu og kunne sett rett ned på byen, men det kjem i neste blogg post…

Slut fra os nu –  Amalie og Vebjørn