Gapahuk i Aldalen

11.  november reiste heile klassen til hjartebygda for å lære om bygging av gapahuk med presening og ellers berre bli litt meir kjent med den norske naturen.

Sindre forteller om turen
Magnus B, Trygve og Simen følger nøye med på hva “Klatreguru” Simen forklarer

Turen var nok den kortaste i år, totalt gjekk vi i ca 1t opp til der vi skulle ha camp.
Vi blei delt i 2 grupper, for det var nokon som ikkje følte seg heilt bra den dagen, so dei fikk ein litt annan og kortare vei opp. Det passa resten av gjengen ganske greit, for når vi kom opp var det fyr i bålet, og vi kunne ta ein (litt) vellfortjent pust i bakken.

Her har vi "endelig" komt opp
Her har vi “endelig” komt opp

Vi skulle no bygge gapahuk, dei 4 gruppene som vi var delt opp i starta flittig å strekke tau på kryss og tvers, alle klarte å få opp noko som hadde vore mogleg å sove under, men eit par av dei hadde truleg forsvunde med fyrste vindkast, eller kolapsa etter to regndråpar. Litt av forklaringa på dette er at værmeldinga viste ingen nedbør eller vind, og nesten alle var innstilt på å ligge under den hærlige stjernehimmelen som vi fikk sjå utover kvelden, og heile natta. Vi var til og med so heldige av vi fikk sett eit glimt av nordlys som dansa rolig i avstanden.

Sindre, vår klarteekspert, friluftsguide og lærar for denne turen hadde informert oss om at det var mykje fisk i vatnet som vi såg rett ned på frå der vi hadde camp. Alle guttane barske karane og Ida ville ned og prøve fiskelykka, men etter å ha kasta lenge uten eit einaste napp gjekk vi opp igjen.

Var minusgrader om natta
Var minusgrader om natta

Sindre ville lære oss litt om naturen, so vi gjekk ein liten tur og snakka om plantar som vi kom over og kva kvalitetar dei har, som at ein plante kan brukast som sovemedisin viss den blir kokt opp. Og andre plantar som som smakar veldig godt å koke te på. På vei tilbake spelte vi pinneleiken, den slo veldig godt ann og blei spelt fleire runder av.

te
Er ganske idyllisk på tur i fint vær

Dagens middag som blei tilbredt i mørket ved hjelp av hovudlukter, var tikka masala, ris og nan brød. Og til dessert hulte vi ut appelsiner og fylte dei med kakedeig, dei blei so pakka inn i aluminiums folie og steikt på bålet. Alt i alt eit veldig godt måltid.

Det obligatoriske "sjå kor sporty vi har vore" bildet
Det obligatoriske “sjå kor sporty vi har vore” bildet

Jesper og Vebjørn 😉