Om oss

Til fots eller på ski i dei saftige Sunnmørsalpane, eller med havkajakk i fjordane, – vi skal utforske og bli ein del av naturen frå fjøre til tind. Vi tar med stormkjøkken eller klatresele, telt og sovepose, og dyrkar det enkle og gode friluftslivet, kombinert med ny kunnskap om natur og samfunn. Fokuset er på utfordring og mestring i vill natur, aleine og saman med andre.