Uke 45 – Ytste Skotet

Halla alle sammen denne bloggen bli på nynorsk TJO HEI!!!!!!

Denne veka har vi vert på ein farmen aktig tur til ein gard som heite Ytste Skotet ved Geirangerfjorden.

Måndagen starta som vanleg med valfag fram til lunsj. Etter lunsj skulle me gjere oss klare for avreise på tysdagsmorgon til Ytste Skotet. Dette bestod av å pakke sekk å gjere klar fellesmat til turen.

 

Me starta tysdagen med å sette oss i bilane og køyre i retning Stranda. Etter 2 timer med køyring var det på tide å ta til fots. Me fekk vite at gå turen ville ta cirka 3 timar. Men ettersom at vi fekk opplæring i kart og kompass og mange  pausar brukte me totalt 5 timarJ. Når me endeleg kom frå  til garden blei middagen fiskesuppe som var meget godt krydderet av Sebastian og Tobias. Desserten vart røkt laks som Torgeir og Stina lagde til. Når natta blei lang og alle blei trøtte var det på tide å legge seg i høye på låven.

 

Onsdagen blei klassen splitta i ulike grupper for å drive med ulike aktivitetar. Nokon blei satt til å bake flatbrød, andre blei satt til og hogge ved medan den siste gruppa blei satt til å slå gras med ljå fram til lunsj. Vi gjorde også klar middagen som skulle gropekokast i nokon timar. Etterpå vart det gardsleikar der me blei satt inn i ulike lag å konkurrere i ulike farmen liknande konkuransar som bogeskyting, spikarslag og saging.

 

Det vart ein tidleg morgon på torsdag der me måtte vaske hytta etter oss og rekke å komme os til skulen før middag. Ettersom at det var dårleg vêr og ingen var gira på pause vart det ein rask tur tilbake til bilane.

Denne helga har vert frihelg så det har vert lite som har skjedd på skulen men no har endeleg ekstremsport komen tilbake så skulen er heil igjen.

Sigurd og Torgeir